Eg har pakka og vaska meg ut av rommet mitt i slottet. Satt alt eg eig i esker i boden, og flytta ut på verandaen. I det høvet kjem det ei liste over ting eg nett no har i boden.
10. Ei korktavle forma som eit hus, som eg forøvrig sikkert har hatt nesten heile livet.
9. To skinnslips. Blått og orange.
8. Eit Manchester United penalhus.
7. Ein Manchester United skobag.
6. Tre Manchester United CD-ar.
5. Eit sjokkerande antall bibelmixar.
4. Fire kurdiske bursdagsballongar.
3. Ein Asterix-mynt som eg fikk i sjokoladepålegget i Frankrike då eg var 7 år gamal.
2. Visittkortet til utdanningsministeren i Nigeria.
1. Ei ballongpumpe.
Utanom dette kan eg melde om at eg også har møtt ein grevling i Oslo. Den hoppa ut frå ein hage, og tvinga meg til å jogge ei anna rute. Kors på halsen, det dyret var ute etter kristenmannsblod. Shit mæn.
