torsdag, januar 31

So long maasadott.

I dag drog maasadott til internett-nickname-himmelen. Frå no av er det Lars som gjelder. Med umiddelbar virkning.

maasadott var eit namn eg fann på like etter at msn vart ein greie, og eit namn eg ikkje har brukt med stoltheit dei siste åra. Grunnen til at eg holdt fast ved dette rare og upersonlige namnet i så mange år er rett og slett eit resultat av ein tåpelig konkurranse: På same tid som eg valde å gøyme meg bak det teite namnet maasadott, valde også min gode venn Peter å gøyme seg bak namnet maasafjott. Seinare utarta situasjonen seg til ein konkurranse der det var om å gjere å ha det teitase namnet lengst. Eg vann nok allerede for nokre år sidan, men har likevel vald å halde på namnet berre for å verkeleg knuse Peter.

Mission accomplished. Beskjeden er sendt ut til omverda: Du køddar ikkje med Lars Håberg!

6 kommentarar:

Hedda sa...

Då kan maasadott treffe sik, eit fiskeslag eg aldri har hatt noko forhold til, bortsett frå at eg heitte det på mIRC i hine hårde dagar...

andreas sa...

Oj, eg visste ikkje at du var ein slik en ikkje kunne kødde med, men det er herved notert. Ikkje noko kødding frå denne kanten framover altså...

Lars sa...
Dette innlegget er fjernet av forfatteren.
Lars sa...

Det setter eg umåteleg stor pris på Andreas.

Hedda sa...

Det var i grevens tid du kasta dette nicket på dør! Hørte nemlig nettopp (og eg gjengir det her, med fare for å vere upassende og litt vulgær) på nettradio med radioresepsjonen, der oslolosen er på besøk og framfører onelinarar... "Veit du eit anna namn på fuglehore?" -"Måsadott"...

IngRid sa...

Nå er det tida, Lars.