I dag våkna eg med den umiskjennelige følelsen av å ha glømt noko. Noko ganske stort og viktig. Men eg fant ikkje ut kva det var.
Den samme følelsen en får når en er på vei til ein stad og veit med hundre prosent sikkerheit at tannbørsten ligg igjen heime. Men det var ikkje tannbørsten i dag.
I stua låg den ein stor og tung uopna konvolutt med mitt namn på. Sakspapir til ungdommens kirkemøte.
Oi!
Det begynte jo på mandag. I Østfold eller noko slikt.
Eg var ganske trøtt. Faktisk så trøtt at eg trudde det var mandag i dag. Så eg tenkte at eg kunne framleis rekke det. Eg satt ny rekord i å dusje raskt og sprang ut til PC-en min for å finne raskaste reise til denne folkehøgskulen der møtet skulle vere. Fredrikstad trur eg.
Det er viktig å hugse at eg fortsatt levde i den overbevisning om at det var mandag, og var ganske trøtt samtidig som klokka var ca 1030 på morgonen. Og eigentleg hadde eg litt dårleg samvittigheit fordi eg hadde lova meg sjølv å vere på kontoret 0900 i dag.
Uansett. Internett gikk sakte (i likheit med meg) og eg forstod etterkvart at det ikkje var mandag i dag, og kom på at eg for over ei veke sidan ga beskjed om at eg ikkje skulle vere på dette møtet.
Men eg hadde fortsatt følelsen av å ha glømt noko viktig.
Etterpå brukte eg nokre timar på å lage ein powerpoint- presentasjon av Ten Sing til bruk på stand på Skjærgårds neste veke, mest for å ha ei god unskyldning når eg kom slengande inn dørene på kontoret ca 1300.
Fortsatt hadde eg den same følelsen. Riktignok stod lyset på vaskerommet på og døra til kjøleskapet var på gløtt, men det var ikkje dette heller.
I det eg skulle ned på kiwi for å sjekke ut dagens gratisvarer, som forøvrig var fjerna frå hyllene for lenge sidan, fann eg ikkje nøklane mine.
Vanlegvis har eg god kontroll på slike ting: Nøklar, kortmappe og mobiltelefon. Men nøklane var søkk borte. Etter å ha leita huset rundt loffa eg ned mot postkassa, ikkje fordi eg trudde dei var der, men fordi det var einaste staden eg ikkje hadde leita.
Trur du ikkje at dei var der? Hang på i låsen til den lille døra. Og posten var fortsatt i boksen. Eg vart litt forbløffa, samtidig som eg skjønte kvifor eg ikkje kunne hugse å ha henta posten.
Eg kan ikkje forstå anna enn at eg i går må ha låst opp postkassa og gått opp i leiligheita (som eg i tillegg må ha glømt å låse før eg drog på jobb i går) utan å ta med verken post eller nøklar.
Det er ikkje det at eg begynner å likne på far min. Eg har blitt verre enn far min.
På tross av dette har eg fortsatt den ubehagelege følelsen av å ha glømt noko viktig.
Forøvrig var det berre eit presteblad til Åsmund som låg i postkassa. Og det må jo gjerne bli stjelt, for han les det jo aldri sjølv.
torsdag, juni 26
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
0 kommentarar:
Legg inn en kommentar