torsdag, juni 19

Ørsta/Volda lufthamn Hovden.

For eit rart namn på ein flyplass. Men likefult, det er no her eg sit, og eg skal sitte her dei neste timane. Så om du har tid er det berre å stikke innom. Men kle deg godt; her er det kaldt.

Det er eit rart namn, og det er eigentleg ein rar stad å skulle opphelde seg så lenge som det eg skal. Men valet stod mellom å sitte her i nokre timar eller sitte på ein trang buss frå Oslo og ankomme Eiksund seint i kveld. For same prisen. Nesten.

Namnet er eigentleg for langt. Og rart. I alle fall når flyplassen er så liten. Men sjølvsagt, namnet er beskrivande. Flyplassen hører til både Ørsta og Volda og ligg på Hovden. Men likevel. Det er for langt. Også har det liksom ikkje spesielt mykje svung over seg. Ivar Aasen Domestic Airport. Frå no av omdøper eg Ørsta/Volda lufthamn Hovden til Ivar Aasen Domestic Airport. Det høres bedre ut. Gjer det ikkje? I alle fall viss Bergen lufthamn Flesland skal omdøypast til Edvard Grieg International Airport. Då fortjener jo Ivar Aasen også ein flyplass. Det skal vere likt for alle! Ivar Aasen treng berre ein flyplass for innanlandsflygning. Det er jo ikkje ein kjeft som har hørt om Ivar Aasen i utlandet uansett.

Det svingar litt meir. Ivar Aasen Domestic Airport.

Olav Stedje Domestic Airport, det svingar i alle fall. Der har eg vore tidlegare i dag. Vi mellomlanda. Dummaste eg har vore med på. Mellomlande i Sogndal. På Olav Stedje Domestic Airport. Då vi sat på flyet vart eg litt overraska over at folk faktisk gjekk om bord. Først kom det ein mann. Eg tenkte at det var litt spesielt. Fly frå Olav Stedje Domestic Airport til Ivar Aasen Domestic Airport. Det verka litt i overkant med ein passasjer på denne ruta. Så kom det snurpemeg endå ein kar labbandes inn på flyet. "Såpass", tenkte eg. Til slutt var det til saman 17 høglytte sogningar ombord. Eg forstod etterkvart at flyet skulle tilbake til Lars Håberg International Airport (som eg ubeskjedent har omdøpt Oslo Lufthamn Gardermoen til) etter landinga på Aasen- tunet.

Det hadde vore morsomt med Ivar Aasen Domestic Airport. Då kunne Ottar Grepstad stått på rullebana og peika på Dash- flyet og sagt: "Dette er Ivar Aasens fly."

Dette er Ivar Aasens bagasjetralle.

Dette er Ivar Aasens terrorsikring.

Dette er Olav Stedjes fly.

Dette er Olav Stedjes bart.

Viss eg får lov, då skal eg stå for ei oppsetting av Pluttipluttipott med Olav Stedje som nissefar.

Vi hakke tid for vi må finne barten.

Den har eit raudskjær over seg og er omtrent så stor. Har du sett den?

Det kan bli artig.

Takk, Ivar Aasen.

4 kommentarar:

Anonym sa...

Du er en artig skrue......

Hedda sa...

ikkje rett på ein flekk.

andreas sa...

Gode idear alt saman tykkjer eg.

3-2-nuz sa...

Dette tykkjer eg du skal sende framlegg om til ho Liv Signe i Samferdsledepartementet. Som sogning og nynorskforkjempar er ho sikkert for at både Olav Stedje og Aasen skal få eigne flyplassar!