sundag, september 7

Bisettelsen.

Eg treng den boka.

Eg, Lars Håberg, treng den boka for å bli kvitt det som eg vel å kalle for Kim Karlsen- syndromet. Det er eit syndrom eg har fått i løpet av sommaren, og som no veks i styrke. I gitte situasjonar trur eg at eg er Kim Karlsen. Blant anna den gongen i sommar då eg i samtale med mine to yngste søstre skulle vise dei min krokete finger. Eg, Lars Håberg, har ingen krokete finger som følge av slagsmål med ein gutegjeng frå Frogner. Kim Karlsen har det. Eg, Lars Håberg, har faktisk aldri slåsst med nokon.

I dag, då eg vakna av vekkerklokka som ringde klokka 0900, titta eg ut av vindauget i Dopsgate, men det var ingen gravsteinar nedanfor, slik som eg hadde forventa. Fordi; eg Lars Håberg, aldri har budd i Dopsgate, eg veit faktisk ikkje kvar den gata er ein gong. Nedanfor vindauget mitt i Fougners vei 16 er det ein parkeringsplass.

Tidlegare denne veka vakna eg og var overbevist om at eg hadde fått eit håndskrive brev frå min far, sendt til Dopsgate, der han lurte på om eg ikkje kunne komme heim til middag ein dag. Eg bur framleis ikkje i Dopsgate. Fordi; eg er ikkje Kim Karlsen, men Lars Håberg. Dessutan er det uproblematisk for mine foreldre at eg ikkje kjem heim til Førde og et middag kvar dag. Eg trur faktisk dei synes det er ganske greit.

I natt drøymde eg også at eg var Kim Karlsen, og at det var idrettsdag på skulen, og at eg måtte springe 60- meteren raskast av alle for å imponere Nina. Men det gikk frykteleg sakte på grunn av kateteret. Nok ein gong: Eg, Lars Håberg, har aldri hatt kateter, og som eg kan hugse, har eg heller aldri prøvd å imponere ei jente med å springe raskare enn Gunnar (ja, for det var Gunnar som vann).

Lista over situasjonar der eg trur eg er Kim Karlsen kunne ha vore lengre, men eg vel å avslutte med at eg ein gong for nokre veker sidan satt på t- bana til Majorstua, og kikka etter den lille "lomma" i veggen, før Valkyrien t- banestopp (som forøvrig ikkje eksisterer lenger) der eg ein gong kyssa Vivi. Eg, Lars Håberg, kan ikkje ein gong hugse å ha møtt nokon som heiter Vivi. Eg er ikkje Kim Karlsen.

Eg, Lars Håberg, treng den boka. Viss ikkje blir eg snart lagt inn på Gaustad akkurat som Kim Karlsen.

Help?

6 kommentarar:

Hedda sa...

Ja, men du har jo fått den til bursdagen din, av dine to eldste søstre! Mamma sender den sikkert med glede, når ho ser korleis det er fatt med deg.

Anonym sa...

Uff, da! Hadde jeg tenkt meg om hadde jeg sendt den med Sunniva til Sandane ikveld, for du skal jo dit til helga! Er det noen herfra som skal dit? Hvis ikke får posten ta jobben. Gi meg beskjed hvis noen skal. Mamma

Tante R sa...

Slik eg ser det, eg har trass alt litt erfaring innen psykiatri, bør du få en konsultasjon hos ein som kan dette med å "snakke om det" og stille "hva føler du nå/følte da" spørsmålene på rett plass.
God bedring!

Mildrid sa...

Det høres ikkje heilt godt ut, nei.

Lars sa...

mor: ida, stig jonny, og hove brødrene kristoffer og anders skal. Og sikkert fleire.

Ingeborg sa...

jeg tror du har gått over grensen for hvor mye man skal forville seg i en bok. Du er ikke Kim Karlsen!
Håper det hjalp å høre det fra en annen.