Dette er ikkje Topp 10. Dette er umotivert oppramsing av ting eg har.
Eg har kunstverk av Oddvar Torsheim på veggen, x3.
Eg har digital speilreflekskamera, x2(det eine er til salgs).
Eg har objektiv, x4.
Eg har flybilett til Kurdistan.
Eg har ein mobiltelefon som er eldre enn mordi.
Eg har bærbar datamaskin, x2(den eine har laus skjerm).
Eg har ein Manchester United-skobag.
Eg har ei uknuseleg drikkeflaske.
Eg har ein CD der Manchester United anno 1979 syng britisk pop-musikk.
Eg har ein CD av Enya.
Eg har boksehanskar.
Eg har ei golfkølle.
Eg har eit sverd.
(Eg er altså klar for en slåsskamp. Når som helst.)
Eg har alltid lite pengar.
Eg har flybilett tilbake frå Kurdistan.
Eg har vottar som er spesialstrikka for fotografering.
Eg har nesten 400 000 i lån.
Eg har ein button der det står: "Slutt å ha mensen, Siv Jensen"
Eg har eindå ein button der det står: "Du er nok snill, Kim Jong Il"
...og ein der det står: "Bli med og grill, Kim Jong Il"
...og ein der det står: "Du får det nok til, Kim Jong Il"
Eg har nesten dødd i ein heis på Romsås.
Eg har stort sett klede som er handla på tilbud.
...og sko.
Eg har vunne norgesmeisterskap.
Eg har to knuste vannpiper.
Eg har fått nok av vinteren.
Eg har null forståelse for at folk vil stemme Frp.
Eg har ein opplåsbar Manchester United- stol.
Eg har ei brødbakemaskin som eg aldri bruker.
Eg har blitt tråkka på av Mark Hughes.
Eg har noko i mot mat som er gamal.
Eg har eit grandiosastykke frå 9. januar i kjøleskapet.
Æsj.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
9 kommentarar:
Én golfkølle?
"Slutt å ha mensen, Siv Jensen". Episk.
Du og Kim Karlsen altså. (heis)
Og jeg har nok litt bedre tid enn jeg trodde, siden jeg tar meg i å lese denne bloggen.
Eg vil si du er rik, du har så uendelig mykje meir enn ingenting :-)
Du har ikkje så mykje, og eg er ikkje imponert over CD-samlinga di..
Du gløymde å skrive at du hadde bilett til Dagfinn Lyngbø.
EG HAR sett Evolusjon 150 gongar.
nei, har ikkje så mykje, er eigentleg ein boms.
Dessutan hadde eg ikkje bilett til Dagfinn Lyngbø når eg lista vart laga. Morosm fyr.
ja ja. rikdom ære som menneske gjev.....
verdens kjedeligste kommentar, men jeg liker listene dine!
takk for nytt strikketips til mormora mi:D
Hm...er digitalkameraet framleis til sals?
svar gjerne på min blogg :D
Legg inn en kommentar