Det var dette som stod på baksida av boka eg fikk av min arbeidsgivar til jul. Eg lo, og det vart julekveld i skogen.
I morgon når eg ankommer Oslo startar eit godt nytt år, der pengar og sunn mat er mangelvare. Men det er heilt greit, for Oslo er ikkje hermetisk lukka for omverda. Eg slepp å leve under eit konstant bomberegn, som politikarar verda over seier er feil, men handlar som om det er heilt greit (for dei slepp vel å merke det fysisk på kroppen, og då er realitetane dei forheld seg til berre av prinsipiel art).
Prinsippet er vel så enkelt som at det å sanksjonere kraftig mot ein stat som er under USA sin beskyttelse, det er nesten utenkeleg(og på kort sikt sikkert også nyttelaust). Dette på tross av at "alle" er einige om at denne staten bryt folkerettar, i større skala enn apartheidregimet i Sør- Afrika gjorde, sjølv om apartheidstaten den gongen vart utsatt for krafitge handelsboikottar og sanksjonar. Til og med frå USA.
Klart det er bedre med fred og forsoning enn sanksjonar. Men når alle veit at den israelske hæren ikkje kjem til å trekke seg ut frå Gaza før Hamas er uskadeleggjort(militært) og alle veit at før dette skjer vil endå fleire sivile dø, då er det ikkje naivt å snakke om ei langsiktig fredsløsning i dag, det er uansvarlig. Ei kortsiktig løsning er idag heilt nødvendig for den humanitære situasjonen.
Det er ei konflikt som angår den såkalla "vestlege verda" meir enn noko anna konflikt akkurat no. Ein merker det på nyheitsdekninga. Ein merkar det på korleis den engasjerer folk. Folk flest tar eit standpunkt. Folk flest kan mykje om konflikta. Folk flest lar seg opprøre mykje meir av konflikta i midtausten enn av borgarkrigen i t.d Sudan.
Det er uansvarleg av EU og Norge å ikkje sanksjonere hardt mot den Israelske staten. Det er uansvarlig ovanfor det palestinske folket. Det er uansvarlig ovenfor det israelske folket. Den vestlege verda er ansvarlege for at staten Israel vart oppretta, og plassert på ein allerede godt befolka flekk med sand. Den vestlege verda er historisk ansvarleg for staten Israel sin eksistens, og enten vi vil det eller ei er den vestlege verda då også i ein viss grad ansvarleg for den Israelske stat sine handlingar og ugjerningar i dag. Derfor har Norge og EU (ja, også USA, men det er jo heilt usansynlig) plikt til å sankjsonere mot den Israelske staten kvar gong den gjer seg skyldig i brot på folkeretten.
Det å tru at befolkninga på Gazastripa når angrepet frå den israelske hæren er over skal leve fredfulle og forsone seg med at Gaza by er bomba sønder og sammen og at heile familiar er borte, er unekteleg litt rart. Ein bombar ikkje eit folk til stillheit. Ein fortier ikkje eit folk fordi ein nektar dei å bevege seg fritt i sitt eige land. Ein gjer det stikk motsatte.
Det er ikkje antisemittisme å vere kritisk mot den israleske staten sine urettferdige handlingar ovanfor det palestinske folket(sjølv om Israel sin ambassadør i Norge skulle meine noko anna). Palestinarar er også semittar. Det burde Israel sin ambassadør vite.
Då er det antisemittisme å bruke ein krig som innanrikspolitisk verkemiddel, og som del i en grotesk og barbarisk valkampstrategi.
Det med innanrikspolitikk gjeld forøvrig også Egypt, ettersom å halde tunellane frå Egypt til Gaza opne, godt mulig er eit innanrikspolitisk spel frå Hosni Mubarak, for å vise si eiga befolkning at også han er på palestinarane si side, og slik hindre muslimske ekstremistar, og Det Muslimske Brorskapet å få enda sterkare fotfeste i Egypt. Så kan ein jo sjølvsagt lure på kven si side Mubarak er på, når vi veit at angrepet på Gaza på førehand var klarert med han frå den Israelske staten.
Til slutt vil eg gratulere Anita Apelthun Sæle, som på Redaksjon 1, tidlegare i veka, foreslo at Hamas i staden for å skyte rakettar mot Israel heller skulle konsentrere seg om å bygge ny og bedre infrastruktur på Gaza. I og for seg ikkje eit dumt forslag. Men då må staten Israel først opne opp grensene til Gaza, slik at ein om ikkje anna kan få frakta inn litt sement.
Ho meinte også at det ikkje var noko problem at Gaza by er utan strøm, sidan ho på nyheitene hadde sett at sjukehuset der Erik Fosse og Mads Gilbert jobbar gjekk på aggregat. Apelthun Sæle trur kanskje aggregat blir drive av magi. Aggregat blir drive av diesel(som forøvrig også er mangelvare av samme grunn som sement er mangelvare).
Uff. Ein gong i året blir eg raddis. Mange vil då også hevde at eg ikkje ser verda med nyansar. Beklager dette.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarar:
du og folk flest burde vere raddisar litt meir enn ein gong i året...
Gratulerer med et av de bedre innleggene i denne konflikten
Heia raddis året rundt. Men du treng ikkje å gå rundt og sette fyr på julegraner og sånt, altså, berre så det er sagt.
Legg inn en kommentar