Det er ikkje lett.
No kan det kanskje virke som om det er emosjonelt vanskeleg for meg å dra frå fødebyen. Det er det ikkje.
Det er fysisk vanskeleg.
Kort fortalt:
Eg skulle ta fly frå Lars Håberg Domestic Airport/Firda Domestic Airport, i Førde klokka 10.58 i dag til Lars Håberg International Airport. Men flyet frå Jan Eggum International Airport, som skulle vidare til Lars Håberg International Airport klarte ikkje å lande på Lars Håberg Domestic Airport/Firda Domestic Airport på grunn av tett tåke. Ikkje noko stress, for eg fikk sjølvsagt booka om biletten min til eit fly som skulle gå klokka 16.00.
Klokka 16.00 var tåka på Lars Håberg Domestic Airport/Firda Domestic Airport endå tjukkare enn klokka 10.58. Flyet vart omdirigert til Firda Domestic Airport i Florø. Noko som førte til at vi måtte ta buss frå Lars Håberg Domestic Airport/Firda Domestic Airport i Førde til Firda Domestic Airport i Florø. Og eg måtte krangle meg til å få ha med meg fotoutstyret mitt som hånbaggasje på flyet ein gong til. For ordens skuld: eg hadde 24 kg håndbaggasje.
Uansett. Flyet frå Firda Domestic Airport i Florø kom seg etterkvart på vingene, og landa trygt på Lars Håberg International Airport. Det var bra. Mindre bra var det at det tok 1 time før baggasjen kom.
No tenker du kanskje at eg kanskje kunne tatt buss i staden for. Det kunne eg ikkje. Vegen rundt Kjøsnensfjorden i Jølster var stengt, og dessutan var det kolonnekjøring over Hemsedal.
Å vestland, vestland.
For fullstendig flyplassliste les:
http://ufddgud.larshaberg.com/2008/06/forslag-til-avinor.html
torsdag, januar 8
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarar:
du kunne vel tatt lappen og skaffa deg ein bil.
Kan love deg at Sogndal er ikkje det spøtt betre... Halvanna års erfaring her i garden! Godt signa år.
Kan man si velkommen til Oslo selv om man ikke er der selv?
Og kjære Lars, forslag til avinor-innlegget er fantastisk! Jeg har ikke sett det før. Jeg likte best sammenslåingen til "Her får du fisk Domestic Airport"! Haha
Legg inn en kommentar