sundag, januar 18

Topp 10 kanskje mine mest urasjonelle handlingar så langt i livet.

Denne Topp 10- lista er i mangel på noko betre å skrive om, og litt inspirert av min barnslige trang til å akkurat no vere ute og kaste snøball på framande og alt motorisert med fire hjul. Dessutan trur eg den er morsom (på mi bekostning). Det er lenge sidan mesteparten av dette hendte, og då er det av ein eller annan grunn lettare å le av det.

Det er uansett for seint å begynne å bry seg om ettermælet:

10. Vere Minni Mus på karneval.

9. Prøve å bygge ei flåte.

8. Prøve å pryle eldste storesøster med kost. Endte opp med å si unnskyld ca 1000 ganger, og får fortsatt høre at begge deler var en dum ting å gjøre. (Merk: det var ikkje uprovosert).

7. Bruke sparepengane mine på POG.

6. Lage ei stor scene ved å sparke til stolen til dommaren under ein volleyballkamp fordi eg vart sint for å bli dømt for nettberøring. I dag er eg vaksen nok til å innrømme at eg var borti nettet. Gult kort.

5. Prøve å sykle til skulen etter å ha spist en Pinex forte.

4. Sykle i høgt fart i nedoverbakke og har valget mellom ein bom som står midt i vegen, eller brennenesle. For så å velge bommen.

(Forøvrig fortalde eg ingen heime om episoden, for då hadde eg nok blitt tvinga til å bruke hjelm, og det trengte eg jo ikkje, kva er vel sjansen for å sykle på ein slik bom to gongar?)

3. Sykle på den samme bommen tre veker seinare.

2. Sitte i trappa heime i Førde ein heil lørdag fordi ingen vekte meg slik at eg fekk sett Kykkelikokos (forøvrig eit TV-program eg aldri klarte å få med ei heil sending av)

1. Sitte i trappa heime i Førde ein heil lørdag fordi eg ikkje fikk lov til å bruke den ødelagte mikrobølgeomnen som oppbevaringsboks til legoen min.

Det er ofte sagt om meg at er: Ustyrleg, eigenrådig og ikkje lett å ha med å gjere. I tillegg til å vere ein gal syklist.

Det stemmer.

5 kommentarar:

IngRid sa...

Syns du er mer enn ok å ha med å gjøre, jeg! Men at du er en tanke spesiell - DET er det ingen tvil om:) Min favoritt er fortsatt at du insisterte på å være Minni selv om mor foreslo at du kanskje heller skulle være Mikke...

Mildrid sa...

Må sei meg enig med forrige taler. Eg ler høgt og godt her eg sitte for meg sjøl og spiser tomatsuppa mi!

Hedda sa...

Det er HEILT KLART at Minni burde trone øverst på lista! Og så har eg (kanskje ikkje uventa) eit par andre innvendingar: Det VAR uprovosert. Du var berre ung og dum. Og EG brukte hjelm, kvifor skulle du liksom vere så tøff? Og eg syns jo det er like morosamt med alle laurdagane du furta i trappa fordi Manchester United hadde tapt...

MB. sa...

Fint å sjå at du er ein normal gut, til tross for å ha vokst opp med berre søstre. Den første har jo fått oss til å lure.

Karen sa...

Jeg ser for meg deg sitte i trappa og sture (annenhver lørdag, slik det fremstår her). Haha.