torsdag, august 20

ego.no

Eg gir meg ikkje. Eg er jo en del av kristenfolket i Norge, og det minste eg i den anledning kan gjere er å i alle fall prøve å benytte meg av denne tjenesta som Bjarte Ystebø har lansert. Altså ein velgerguide.

Det anbefalast, faktisk. I alle fall om du ikkje gidd å følge med i den offentlege debatten (det er det forøvrig mange grunnar til å ikkje gidde), og heller ikkje gidder å lese det enkeltes parti sitt partiprogram, eller stolar blindt på Bjarte Ystebø (noko eg sjølvsagt på det sterkaste vil fraråde). Og fordi det er god underhaldning.

Altså, det denne velgerguiden viser meg nokre politikarar sine svar på ei rekke spørsmål (i kortspill definerer eg ei rekke som minimum 5 kort på rad, og då er dette akkurat ei rekke med spørsmål), som skal gi meg svar på det som er viktig for meg (i alle fall om eg er ein god kristen):

1. Vil du ha omkamp om ekteskapsloven i kommende periode?
2. Mener du at aktiv dødshjelp bør være tillatt i Norge?
3. Vil du støtte flytting av den norske ambassaden fra Tel Aviv til Jerusalem i kommende periode?
4. Støtter du Israels sikkerhetsgjerde?
5. Vil du være en garantist for at et borgerlig flertall skal gi en borgerlig regjering?

Politikarane kan svare ja eller nei, og svara blir lagt inn i eit skjema, slik at det er enkelt for den gode kristne velgar å finne ut om det er trygt å stemme på denne politikaren.

Det er ganske fett.

Bortsett fra at:

Spørsmål 1 og 2, ikkje er særleg aktuelle, fordi Stortinget (i alle fall i dag, og mest truleg neste periode også (med mindre dei kristenkonservative plutseleg 20-doblar seg*),i dag er rimeleg samstemte i desse spørsmåla, og dette neppe kjem til å bli drøfta som lovendringsforslag i neste periode uansett. Sjølvsagt må ein begynne i det små om ein vil ha forandring, men er verkeleg dette det aller viktigaste å forandre med verda vi lever i, i dag? Svaret bles i vinden.

Spørsmål 3 er overhodet ikkje er viktig. Med mindre du er gal, sjølvsagt.

Spørsmål 4 er greit. Om politikarane er opposisjon til FN eller ikkje, er alltid fint å vite. FN er forøvrig den organisasjonen som har vunne Nobels Fredspris flest gongar, og ein av få organisasjonar som verda er 100% avhengige av. Ein kan seie mykje om det gode FN gjer, men eg nøyer meg med å seie at FN kan gjere meir om organisasjonen får enda meir pengar frå medlemslanda sine.

Fiffig av Ystebø å oppfordre folk å vere i opposisjon mot FN. Det er også fiffig å kalle ein mur for eit gjerde, men det har han nok lært av ein israelar som synes okkupasjon er ålright.

Spørsmål 5 er spennande, men sjølvsagt vill gjetning frå politikarane si side. Om det blir borgarleg fleirtal veddar eg på ein spennande og langvarig maktkamp, som likegodt kan ende med ein regjeringskoallisjon lik den vi har i dag.

Ja, eller nei? Bjarte Ystebø, er dette ein god velgarguide? Det kan du ærleg talt ikkje meine. Du veit vel at politikarane faktisk har fleire oppgaver utover desse 5 ganske lite spennande punkta du lister opp (og å berre tillate ja og nei som svar fjærnar alle nyansar og all kommunikasjon mellom velgarar og politikarar blir pressa ned til eit absolutt minimum er stikk i stid med all fornuftig tenking). Kva med utdanning, bistand og miljø (som i aller høgste grad også er bistand). Kva med menneska Bjarte Ystebø? Meiner du at vi lever i ei verd der alle menneske blir behandla godt nok? I så tilfelle er det rart å bruke tid og krefter på ambasadeflytting, og jobbe for undertrykking.

Med mindre det skjer noko verkeleg spennande i tida framover vil eg framhalde og oppretthalde mi kritiske linje ovanfor kristenfolket.no her på Ufødd Gud. Det blir ein fest.

Eg skal også i botnen av alle desse sylkvasse bloggpostane om kristenfolket.no legge til ein FAQ (frequently asked questions). Den ser for augeblikket slik ut:

Spørsmål: Hva er det egentlig han (Bjarte Ystebø, red. adm.) har gjort siden han fortjener all denne usaklige kritikken...?

Svar: Han har laga ein usakleg og dårleg velgarguide.


*Mitt eige anslag, basert på gjetning.

3 kommentarar:

Live sa...

Det er eit velkjent faktum at muren/"sikkerhets"-gjerdet består av både mur og gjerde, alt etter kvar ein befinn seg i løypa. Eg kan no ikkje med min beste vilje forstå at eit gjerde skal vere betre enn ein mur, viss begge delar uansett hindrar folk i å bevege seg fritt.

Denne velgarguiden er forresten legendarisk.

andreas sa...

Eg ser fram til resten av festen.

Hedda sa...

det beste med velgarguiden er jo at enkelte parti er heilt utelatt...