onsdag, august 19

farisearfolket.no

Dette kan jo ikkje gå upåakta hen. I alle fall ikkje på Ufødd Gud.

Her er det nemlig fleire ting å ta tak i.

1. Kristenfolket.no er eit rart namn på ei nettside og ein slags velgerguide som overhodet ikkje henvender seg til massen av kristne velgarar i Norge. Det er jo utan tvil snakk om konservative kristne. www.kristenkonservativmedbjarteystebøispissen.no, hadde vore meir passande. Spør du meg.

2. Kven trur han derre Bjarte Ystebø han er forresten? Kva er det som får han til å tru at han kan bestemme kven som er kristenfolket i Norge? Kva er det som får han til å vere frimodig nok til å vite kva som er dei tre viktigste valkampsakene til kristne (konservative sjølvsagt) velgarar i Norge?

3. Kven trur han derre Bjarte Ystebø han er forresten? Han er redaktør for eit blad som heiter Norge IDAG. Thats it. Det er ikkje eit blad som dei fleste les. Men kanskje "kristenfolket" les bladet. Då har vi i alle fall snevra inn nemnde gruppe enda meir.

4. Det er krig i verda. Det er ei faktasetning. Personleg meiner eg at menneskeverd bør vere viktig når ein skal stemme ved stortingsvalet, og at omtanke for andre menneske bør ligge til grunn for kva parti ein vel. Bjarte Ystebø meiner at det er viktig at vi kjempar for at Noregs ambasade i Israel blir flytta frå Tel Aviv til Jerusalem. Eg meiner dette er ein ytterst personleg sak, og det å oppfordre ei gruppe mennesker som han samtidig stemplar som kristenfolket (altså, med ein enten er du god kristen eller ikkje - retorikk) om å kjempe for flytting av ambassaden, er ytterst hyklersk og alle varselamper bør derfor lyse.

Det bør ikkje vere ein av topp- tre prioriteringar som kristen velger ved stortingsvalget. Med mindre du er kristen og gal, då.

5. Eg blir jo nødt til å le litt av Bjarte Ystebø også. Fordi han er jo dum og naiv. Eg kan garantere (og eg skriv det med store fontar berre for å understreke kor mykje eg garanterar): ALLE SOM HAR FLYTTING AV DEN NORSKE AMBASADEN FRÅ TEL AVIV TIL JERUSALEM SOM EIN AV SINE PERSONLEGE KAMPSAKER VED DETTE STORTINGSVALGET HAR ALDRI I LIVET SITT VURDERT Å STEMME NOKO ANNA ENN KRF, KRS, ELLER FRP.

6. Forøvrig er det vanskeleg for meg å ta dette initiativet seriøst, kva agenda har eigentleg mediamannen Bjarte Ystebø som initiativtakar med denne sida? Eg aner ikkje, men eg stiller spørsmålet.

7. Bjarte Ystebø, kvifor kan ikkje eg få vere ein del av ditt kristne felleskap i Norge? Eg er jo kristen, riktignok litt venstrevridd, og nok litt for liberal etter din smak. Men kvifor kan eg ikkje få vere med? Er eg ikkje god nok kristen? I følge kven? I følge Bjarte Ystebø? Eg stemmer på feil politiske parti. I så tilfelle er Bjarte Ystebø ein god farisear, spør du meg.

8. Bjarte Ystebø, er du klar over kor flau eg innimellom er for å kalle meg for kristen. Dette er jo sjølvsagt ikkje berre di skyld, men i dag held eg deg ansvarleg. Du kan gjere kva du vil, og sei kva du vil, men ver så snill, ikkje dra meg med deg ned i dritten. Du Bjarte Ystebø, som jobbar med media veit vel kor einsidige media kan vere i framstillinga av verda vi lever i? I så tilfelle burde du slutte å vere så kvalmande egoistisk at du tvinger meg med inn i den samme ugrasfylte boksen du plasserer deg sjølv i. Eg har aldri bedt om det, og eg liker det ikkje. Ein gong skulle eg ønske at eg kunne treffe framande mennesker til dømes på fest og slikt, og ganske fort seie at eg er kristen. Det gjer eg ikkje. Det er blant anna på grunn av deg Bjarte Ystebø. Fordi du er ein gjøk, og ærleg talt vil eg ikkje ha noko med deg å gjere.

Snakkas, aldri, Bjarte Ystebø, og godt valg, din gjøk.

8 kommentarar:

Hedda sa...

Bjarte Ystebø... Makan!

Espen sa...

Dette var bare fantastisk.
Send dette til Ystebø, bare dropp det med gjøk, og krev svar.

Lars sa...

Eg dropper aldri det med gjøk.

IngRid sa...

Nei, gjøk må bli! Deilig innlegg, Lars - made my day!

Katrine sa...

takk Lars, for en frigjørende tekst om hvor forbaska idiotiske disse mennene er..

Jeg ler så jeg rister!

Ystebø er en gjøk, men han har sannelig skremmende mange venner til å egentløig skulle bo i skogen...

Anonym sa...

Hva er det egentlig han har gjort siden han fortjener all denne usaklige kritikken...

Han har pekt på tre saker som unektelig er viktige for konservative kristne.

Og de fleste kristne er faktisk konservative.

I alle fall globalt.

Venstrevridde kristne har vel aldri likt "kristenfolket" uansett...

Er det ikke paradoksalt... Vi tror jo på den samme Gud, Sønn, og Hellig Ånd.... eller...?

Lars sa...

Det verste er at han har tatt monopol på meningene til en ganske vid gruppe, som mener forskjellige ting. Eg er kristen, og derfor også en del av kristenfolket, eller? Ikkje i følge Bjarte Ystebø.

Og det fortjener han faktisk all kritikk i verda for. Fordi det er ille. Og feil.

Han bør gi et nytt namn til sida si fort som mulig, slik at det ikkje blir levna nokon tvil om at eg og Bjarte Ystebø meiner forskjellige ting.

Og ærlig talt, en bør gå i seg sjølv og ta eit nytt blikk på verda om ein meiner det er kjempeviktig at den norske ambassaden i Israel ligg i Tel Aviv eller Jerusalem.

"Venstrevridde kristne har vel aldri likt "kristenfolket" uansett.."

Det er en dum ting å si. Vi vil vel alle vere del av et kristen felleskap, men eg vil faktisk ha muligheten til å mene det eg vil, om kva eg vil. Eg vil vere en del av kristen- Norge, på tross av at eg og Bjarte Ystebø er uenige.

Vi trur på det samme, men så lenge vi ikkje meiner det samme om politikk blir alltid liberale kristne definert utanfor.

Det er synd. Og Bjarte Ystebø må ta sin del av ansvaret.

Live sa...

Eg må innrømme at eg har ganske sterke meiningar om kvar den norske ambassaden i Israel bør ligge (eg treng forhåpentlegvis ikkje å nemne at eg og Ystebø er ueinige).

MEN ALVORLEG TALT! Dersom eg skal velge meg tre hjertesaker dette valget, så er ikkje ambassadeplasseringa ein av dei. Det er faktisk viktigare å bekjempe fattidom og AIDS. Det er for eksempel også viktigare å sikre at denne planeten er leveleg også om to hundre år. For å nemne noko.

Dersom vi skal ta for oss Midtausten (som eg rett nok er oppteken av, men som eg likevel ikkje meiner bør vere hovudtemaet for stortingsvalet i Noreg), så er det også der tusen ting som er viktigare enn ambassadeplasseringa. Kva med bevegelsesfridom? Kva med retten til å få bu i sitt eige hus? Kva med retten til å flykte viss byen din blir bomba sønder og saman?

Det lure er at når eg vel politisk parti ut frå dei større retningslinjene over, så ender eg heilt garantert opp med å stemme på eit parti som er vil behalde den norske ambassaden i Tel Aviv.