torsdag, september 17

Askese

Kjære vene.

I dag har eg vore utan tilgang til mi eiga datamaskin i ei veke. Det er relativt lenge.

Dei første dagane gikk eg på veggen, og maste i overkant mykje på karane i databutikken i kjellaren.

Dei siste dagane har eg vore apatisk og utan framtidshåp.

Det er visst ikkje så lett å få tak i eit adapter til datamaskina mi her på Vestbreidda. No har vi visstnok ein mann på saken i Jerusalem, men sidan det er både jødisk og muslimsk høgtid (dvs. ekstra vanskeleg å dra frå Vestbreidda og inn i Israel) kan det drøye, har eg skjønt.

Jaja, kanskje eg får sett litt av dette landet likevel.

Peace out.

1 kommentarar:

Marte sa...

Gamle oern! Haaper dette ordner seg fortere enn svint, adapter-desperasjon har jeg kjent paa selv, det er ingen god foelelse.

Haaper livet ellers er fint!