Altså. Viss du skal lage ein slags dokumentarserie som omhandler terrorister rundt omkring i verda, då er det eit dårlig utgangspunkt å vere redd for å oppholde seg på Grønland i Oslo.
Men det er eigentleg god underhaldning.
Tittelen er ikkje ein beskrivelse av bloggen. Men derimot tittelen på eit tilfeldig valt Tor Jonsson dikt.
Altså. Viss du skal lage ein slags dokumentarserie som omhandler terrorister rundt omkring i verda, då er det eit dårlig utgangspunkt å vere redd for å oppholde seg på Grønland i Oslo.
Men det er eigentleg god underhaldning.
Den boka med finast innbinding på bokhylla heime er troligien om Kristin Lavransdatter, synd at den er så kjedeleg.
Bandet, eller søskentrioen, Narum var egentlig litt morsomme når dei besøkte Store studio, synd at musikken er så kjedeleg.
Paprikaen ser ganske god ut, synd at den smaker så vondt.
Eg likar eigentleg frukt, synd at eg er allergisk.
Det er få plassar som er bedre enn Førde når det er sol, synd at det regnar året rundt.
Eg likar best sol, synd at eg kjem frå Førde.
Eg har pakka og vaska meg ut av rommet mitt i slottet. Satt alt eg eig i esker i boden, og flytta ut på verandaen. I det høvet kjem det ei liste over ting eg nett no har i boden.
10. Ei korktavle forma som eit hus, som eg forøvrig sikkert har hatt nesten heile livet.
9. To skinnslips. Blått og orange.
8. Eit Manchester United penalhus.
7. Ein Manchester United skobag.
6. Tre Manchester United CD-ar.
5. Eit sjokkerande antall bibelmixar.
4. Fire kurdiske bursdagsballongar.
3. Ein Asterix-mynt som eg fikk i sjokoladepålegget i Frankrike då eg var 7 år gamal.
2. Visittkortet til utdanningsministeren i Nigeria.
1. Ei ballongpumpe.
Utanom dette kan eg melde om at eg også har møtt ein grevling i Oslo. Den hoppa ut frå ein hage, og tvinga meg til å jogge ei anna rute. Kors på halsen, det dyret var ute etter kristenmannsblod. Shit mæn.